Christian Bøbak
"Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891 på Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Bøbak gjekk i lære hos fotograf Hans H. Lie på Vinstra truleg rett etter han var konfirmert og i alle fall i 1910. Deretter dreiv han som bygdefotograf i Lesja og Dovre fram til 1914 da han reiste til Kristiansund, der han tre år seinare tok svenneprøva og starta eiga forretning.I 1924 flytta Christian Bøbak til Bergen med familien på grunn av dårlege tider i Kristiansund. I Bergen styrte han fyrst Norlands fotoforretning før han i 1928 etablerte Fotograf Bøbak A/S på Torvalmenningen sentralt i bybildet. Han arbeidde i forretningen til 1953, to år før han døydde. I 1945 overtok slektningen Karstein Krogsæther firmaet, som var i drift til 1974."
Kilde: https://lokalhistoriewiki.no